The Dark Side of Uhørt

Billettar

Om arrangementet

Det er klart for nye opplevingar med vokalgruppa UHØRT!

Denne gongen blir det grøss og gru – trick or treat. Halloween er over og ungdomane har samla songar som gir gåsehud til publikum og spenning i salen. Det blir mørkt, skremmande, uhyggeleg, imponerande, vakkert og underhaldande. Sjølv om dei talentfulle ungdomane viser ei mørkare side av seg, så blir det på UHØRT-vis dans, song og humor.

Vokalgruppa UHØRT blei etablert i oktober 2011. Rundt 80 ungdomar har vore med i gruppa opp gjennom åra. På akkurat denne konserten har dei 3 gjestar som gjer at det er ungdommar frå heile storkommunen.

Dei har med seg eit rutinert band som løfter ungdomane opp og fram. I bandet er: Ivar Holsvik (piano), Ketil Strand (gitar), Lars Øverås (bass) og Bjørn A. Skjelten (trommer).