Tommy Steine // Gi litt mer f*en!

Billettar

Om arrangementet

Fem år etter suksessen «Latterlig Livredd», er Tommy Steine tilbake med ei heilt ny forestilling. «Gi litt mer f*en ...!» er sannsynligvis verdas aller første standupbokshow!*

I denne forestillinga vil Tommy snakke om psykisk helse og livsmeistring med både humor og alvor. Han vil fortelle om sin veg opp frå angstkjellaren og tilbake til ein kvardag som han meistrar betre enn nokon gong før, og vi får høyre kva livshaldningar Tommy lærte av boka "Hvordan gi litt mer f*en", og av samarbeidet med forfattar og terapeut Geir Wigtil: går det an å gi litt meir blaffen i alle dei tankane som fører til tankekjør, stress, og i verste fall angst og depresjon? Kvifor bekymrar vi mennesker oss så mykje? Og kva oppnår man eigentleg ved å gruble på fortida?

Dette blir garantert ei forestilling du ikkje har sett før, for Tommy har funne sin nye misjon i livet: å bidra til at vi andre også kanskje blir berre litt flinkare til å gi mere f*en!

 

Av og med: Tommy Steine

Tekst: Geir Wigtil, Knut Ole Mittet, Karoline Gregersen og Tommy Steine.

Regi: Karoline Gregersen

Musikk arr.: Jon Rørmark

Produsent: Outcast AS og Itsshowtime AS