Mil etter Mil // En hyllest til Jahn Teigen

Om arrangementet

Teigen- slagerparade til Brattvåg Lørdag 31.10 er det høgtid for alle som likar Jahn Teigen sine melodiar. Då kjem det populære showet ”Mil etter mil – en hyllest til Jahn Teigen” til ID-huset

Jahn Teigen sine songar lever viare som aldri før! Titlar som "Optimist" og " Bli bra igjen" er vel som skreddersydd for den tida vi er i no... Desse songane og meire til kan du oppleve live med "Mil etter Mil" - gjengen. Men berre i Brattvåg, og berre på Ingebrigt Davik-huset!

Det er høgt under taket og mykje allsang når dei mest kjende Teigen-låtane kjem på løpande bånd og arrangørane lovar ein slagerparade av dei sjeldne.

Hyllest-bandet som kjem til Brattvåg består av Johnen Johnsen (vokal), Idar Godø (vokal), Monika Isaksen (vokal), Lars Øverås, (bass), Geir Nakken (gitar), Sindre T. Veblungsnes (gitar), Jan Håvard Melsæter (trommer) og Jan Gunnar Aakre (tangentar).

Jahn Teigen har vore ein markant og profilert artist i Noreg i ein mannsalder. Songar som ”Mil etter mil”, ”Optimist”, ”Det vakreste som fins”, ”Adjeau” og ”Min første kjærlighet” har gitt Teigen ein stor tilhengarskare i Noreg og Sverige.

Fleire av musikarane i bandet er svorne Teigen-fans, og kan musikken ned til fingerspissane. - Eg kan garantere høg stemning, og allsang frå start til slutt, seier Carlsen.