Leige

Ingebrigt Davik-huset kan ein bruke til dei fleste typar arrangement: Frå åremålslag til bryllaup, konferansar, messer og konsertar. Vi har 4 salar til utleige.

Storsalen

Storsalen er Ingebrigt Davik-husets største sal. Det uttrekkbare amfiet her har plass til 310 personar. Ved flat sal med småbord får ein plass til 150-200 stk. Med berre ståplassar kan salen ta opp til 600 personar. Salen er utstyrt med eit godt lyd- og lysanlegg, og har også ei mobil scene der størrelsen kan tilpassast etter behov. Salen eignar seg for så vel konsertar, førelesningar og seminar som fest og moro.

Kinosalen

Forutan filmvisningar egnar kinosalen seg fint til mindre møter og seminar. Det er plass til 101 personar i amfiet. I tillegg til prosjektor kan ein her nytte eit enkelt lydanlegg for tale.

Konferansesal

Dette er huset sitt konferanserom. Rommet er lyst og åpent, og egnar seg godt for seminar og møter. Ved klasseromsoppsett får ein her plass til 60 personar. Rommet er utstyrt med prosjektor, lerret og eit enkelt lydanlegg. Side om side med konferanserommet ligg fullt utstyrt kjøkken.

Kulturstua

Eit intimt lokale for mindre konsertar og andre typar offentlege og lukka arrangement. Her er det plass til omkring 50-70 stk i sofagrupper og enkle stolar.

Andre rom

Foajé

Kiosk

Studio

Studioet kan bookast til innspeling eller øvingslokale. Meir info under Studio

 

Dokument


For booking ta kontakt med Tove-Laila Bjerke
Tlf 40 85 35 80
tove-laila@idhuset.no


Sjå under for vilkåra som gjeld ved leige av lokale og utstyr. Om du er usikker på kva slags lokale som eignar seg best for deg, ta gjerne kontakt for ei omvisning!

Utleige av teknisk utstyr

Ingebrigt Davik-huset leiger i nokon grad ut utstyr til eksterne arrangement i kommunen. Her gjeld følgjande reglar:

  • Avtale om utleige og kontrakt må skrivast minimum ei veke i førevegen.
  • Depositum skal betalast ved utlevering av utstyr. Beløpet er avhengig av kva som leigast ut.
  • Ved skade/tjuveri er leigar erstatningspliktig.
  • Våre scenemodular leiast ut til 50,- stk.
  • Teknisk ansvarlig møter lånetakar personlig for utlevering og innlevering (samt sjekk) av utstyr.
  • Om du skal leige Storsalen og vil vite kva slags teknisk utstyr du treng til arrangementet ditt, kan du høyre med

 

Vi reserverar oss mot å leige ut utstyr som lett får slitasjeskadar.

Bevertning

Kulturkafeen kan levere kaffi, frukt, kaker og anna møtemat.
Ta kontakt på telefon 903 66 381, eller epost kulturkafeen@iss.no for bestilling.