Julekonsert // Silent Sound

Om arrangementet

Stillferdige og stemningsfulle juletonar på ID-huset.

I år vert det julekonsert med duoen Silent Sound på ID-huset i Brattvåg.

Dei siste åra har jazzmusikarane Gine Gaustad Anderssen (song) frå Tennfjord og Arne Torvik (piano) frå Molde fylt løa på tunet heime hos songarinna til randen med julekonsertar - og for mange har desse intimkonsertane blitt ein del av juletradisjonen. I år vert det julekonsert på ID-huset, laurdag 12.desember kl.20.

Få billettar, god plass og tilpassa alle anbefalingar om smittevern.

Velkommen til ein trygg og stemningsfull julekonsert!