INGEN KIM, INGEN KOS – ein hyllest til Kim Larsen

Om arrangementet

Den danske musikaren Kim Larsen (1945-2018) er regna som heile nordens nasjonalskatt. I løpet av karriera skreiv og spelte han musikk som blei lagt merke til langt ut over Danmark sine landegrenser.

I Ålesund har ei gruppe dyktige musikarar laga ein hyllestkonsert til sin danske favorittartist. I tre år på rad har forestillingane spelt for fulle hus til eit begeistra publikum.
Bandet er tru mot den originale musikken, men vågar seg likevel inn på eigne tolkningar, heile tida med eit godt glimt i auget og med humor.
Alle dei store hitsa frå Kim Larsens karriere kjem på rekke og rad: «This is my life», «Papirsklip», «Hva gør vi nu, lille du?», «Jutlandia», «Pianomand», m.fl.  
Forestillinga blir krydra med små historier fra Kim Larsens lange og innhaldsrike liv som musikar. Her er det berre å gjere seg klar for stemningsskapande songar med høg allsangfaktor.

Bandet (De norske Fjeldaber):
Idar Godø, vokal/gitar
Pål Bakke, vokal/perc/plystring(!)
Stefan Olsen, gitar
Ørjan Liavåg, gitar
Jan Gunnar Åkre, tangenter, vokal
Bjørn Helge Lervåg, bass
Jan Håvard Melsæter, trommer/vokal