Horizons Project

Om arrangementet

Med lokalprodusert musikk og video saman med det lokale og meget dyktige koret aChoir, ligg dette an til å bli ein konsertopplevelse det bli verdt å få med seg!

Bandet har hatt konsertar
i Ålesund og Sula samt opptrådd på profilerte festivalar som Jugendfest, Sommarfesten
og Havgaprock. Dette blir tredje stopp på ein miniturné som bandet skal gjere i
Møre og Romsdal utover våren og sommaren. Dei har vore så heldige å få med seg
aChoir som syng eit allsidig spekter av sjangrar, og som har hatt konsertar
både med internasjonale og nasjonale artistar og aleine. aChoir har tidlegare i
vår vore eit av kora som Sunnmøre Live har fulgt i tv-serien "Et samstemt
Sunnmøre"  

Bandet har base på Sula, der
medlemmane kjem frå i tillegg til Ålesund. Musikken må vel seiast å være mest
inspirert av 70-tallets storheiter som Pink Floyd, Deep Purple mfl. NRK
klassifiserte albumet «Behind», som vart sluppe i 2017, for folkeleg progrock.
Musikken spenner frå fengande popmusikk, via god gamaldags rock, til det svevande
og pompøse. Bandet brukar også video på storskjerm der moglegheita byr seg. Det satast
det på å få til i Brattvåg! Velkommen! 

Børre Lervåg Dalhaug - Trommer
Bjørn Helge Lervåg - Bass
Pål-André Måseidvåg - Gitar og vokal
Jan Gunnar Åkre - Tangenter og vokal
Ole Tommy Blomvik - Vokal
Svein Riise - Vokal
Roger Hauge - Vokal
Jan Ove Ringstad - Komponist
Finn Thorsen - Gitar