Freaky

Om filmen

Originaltittel: Freaky

Premiere: 2020-11-13

Varighet: 1t 42min

Sjanger: Skrekkfilm, Komedie

Aldersgrense: 15

Originalspråk: Original

Regissør: Christopher Landon

Ei tenåringsjente skiftar kropp med ein seriemordar, og har 24 timar på seg til å få kroppen sin attende. Sjenerte Millie (Newton) går på vidaregåande skule i den vesle byen Blissfield. Byen er herja av ein etterlyst seriemordar (Vaughn), som ein kveld peikar på Millie som sitt neste bytte. Mordet går ikkje heilt som planlagt, då nærkontakten mellom dei resulterer i eit kroppsbytte. Millie må no bruke dei neste 24 timane på å overbevise vennene sine om hjelp, i kroppen til ein femti år gamal psykopat. Samtidig brukar seriemordaren sin nye, yndige utsjånad for å kapre nye offer. "Freaky" kjem frå produsenthuset Blumhouse, og er regissert av Christopher Landon (Happy Death Day, Paranormal Activity). Jason Blum (Get Out, Us, Halloween) er produsent.