Eva Weel Skram // Brattvåg

Billettar

Om arrangementet

Eva Weel Skram gledar seg til å kome tilbake til Brattvåg!

Med låtar som «Om du vil», «Selmas sang», «Kom igjen» og «Tru», har Eva Weel Skram etablert seg som ein av dei mest folkekjære artistane her til lands. På nyåret slepp Skram sitt andre album med norske tekstar som ho tar med seg ut på vegen vinteren og våren 2021.

Dette ser ho fram til. «Eg gledar meg til å reise ut igjen og spele både gamle og nye låter!» Eva har gjort det til sitt varemerke å levere fengande melodiar med sterke tekstar om tema som ligg hennar hjarte nært, noko som har vist seg å virke både trøystande og inspirerande for hennar stadig veksande publikum.

Året 2020 avslutta Eva på meisterleg vis, med sin første juleturné og heile 40 konsertar – og det i ein periode prega av strenge restriksjonar for
kulturarrangement landet rundt. I 2021 blir det både nytt album, og konsert i Brattvåg saman med sine musikalske kumpanar. Ein sjanse du ikkje bør gå frå deg!