Deilig er Jorden // Teatret Vårt

Billettar

Om arrangementet

Leiken juleframsyning for heile familien

Bli med inn i eit fortryllande univers! Her opnar keisaren dørene til palasset sitt kvar einaste dag, og inviterer alle inn til eit fantastisk show. Han syng splitter nye låtar, i nye kule klede. Han er ei julestjerne! Heilt til han plutseleg ein dag får uventa besøk …  

Ei jente dukkar opp i keisarens palass. Ho påstår at jula har blitt borte. Keisarens reparatørar meiner at ho tek feil, og prøver alt dei kan for å få henne til å passe inn i deira syn på verda. Kva skjer når den store løyndomen hennar blir avslørt? Vågar ho å stole på si eiga julestemning?  

Velkommen til eit behageleg sted der alle er nøgde, alle er glade, ingen er triste eller sjuke, alle problem er borte, og livet er perfekt! Eller … er det i det heile tatt mogleg? Og stemmer det at jula varer frå september og helt til påske?  

Deilig er jorden er ei leiken og musikalsk forteljing om å stille spørsmål ved tilvære og å finne vegen heim til jul. 

Passar for alle frå 4 år.

Av: Ingrid Askvik og Vera Krohn Svaleng
Regi: Ingrid Askvik
Scenografi og kostyme: Ida Grimsgaard
Lysdesign: Jonas P.A. Fuglseth
Medvirkende: Amalie Sofie Ibsen Jensen, Benedikte Karine Sandberg, Anders Firing Aardal, Lars Halvor Andreassen