Vi held open som vanleg og held konsertar, teater, utleige og kino.

På Ingebrigt Davik-huset held vi oss til regjeringa sine reglar og FHI sine tilrådingar.

Når du skal hit på førestilling:

  • Hald min. 1m avstand frå andre folk.
  • Hald deg heime om du føler deg sjuk.
  • Vi opnar dørene seinast 30 min før konsertstart, og vi ber publikum om å finne plassen med ein gong, slik at vi unngår unødig trengsel i gangen og trappene.
  • Ha billetten klar før du går inn. Dette er også for å unngå kø og propper.
  • Bruk antibac før, på veg inn og på veg ut. 
  • Ha tolmod medan personalet losjerar deg til plassen din.

I storsalen er det grense på maks 200 personar. Vi har inngang i 1.etg, og to inngangar i 2.etg. Billettar på rad A-G kan gjerne benytte inngang i 1.etg, og dei som har billett H-M kan gjerne bruke inngang i 2.etg.

I Kulturstua er det grense på 10 personar.

I kinosalen er det grense på 50 personar.

 

Før du kjem, skal du:

  • Vere oppdatert på ID-husets reglar og tilrådingar.
  • Helst ha kjøpt billett på nett i forkant.

 

Etter førestillinga:

  • Storsal/kino - Ta det heilt med ro medan rad A går ut først, deretter rad B, C osv.
  • Kulturstua - Dei som sitt nærmast døra går ut først.

 

Kan eg sitte med følget mitt under førestillinga?

Om dykk har kjøpt billettar samtidig og er i samme kohort er dette sjølvsagt tillatt.

 

Bar og kiosk

Baren er dessverre stengt medan kiosken er open som vanleg. Maks 5 personar i kiosken samtidig.

 

Kan eg benytte meg av toalettet under førestillinga?

Det kan du naturligvis, så lenge du klarar å halde god avstand til andre og brukar antibac på veg ut og inn. Toaletta blir grundig og jevnlig vaska i henhald til NHIs krav.

 

Eg har kjøpt billettar men arrangementet er utsatt. Kva gjer eg?

Du beheld billettane dine og kan benytte dei på den nye datoen. Om arrangementet havnar på ein dag det ikkje passar eller blir avlyst, skal du sjølvsagt få refusjon. Kontakt post@idhuset.no

Publisert
31. januar 2021
Skrevet av
Kjetil Heggdal - Daglig leiar