BRiiF

Om arrangementet

Endelig kan vi tilby levande musikk! Det blir ein trygg konsert, med dyktige, lokale aktørar.

B R i i F manar fram stemningsfulle og rytmefengslande konsertar. Repertoaret er bandets eigne låtar i tillegg til eit herleg utval coverlåtar frå populærmusikk innan rythm & blues og jazzrock. 

BRiiF er eit band etablert med lokale musikarar med sans for stilartar med sjel og valg av spanande låtar som betyr mykje for eiga musikalsk utvikling. Vokal handterast med sjel og trøkk, og instrumentalistane er gode - alle med brei erfaring innan mange musikksjangrar. Bandet har eksistert i snart 15 år.

BRiiF er Karina Sundby; vokal, Sven-Bernt Ellingsæter; saksofon, Bendik Valderhaug; gitar, Ivar Holsvik; tangenter, Kjetil Hjelle; bass, Bjørn A. Skjelten; trommer.