Bølle i Trøbbel

Om filmen

Originaltittel: Trouble

Premiere: 2020-04-03

Varighet: 1t 27min

Sjanger: Komedie, Animasjon, Barnefilm

Aldersgrense: A

Originalspråk: Norsk

Regissør: Wayne Roberts

Den noko bortskjemde rikmannshunden Bølle lever lukkelege dagar saman med den svært rike og godt vaksne matmora si, og tenarane deira i den enorme villaen i byen sitt beste strøk.

Det er lite med det sorglause livet som kan førebu han på det som plutseleg ein morgon skjer då matmor hans ikkje står klar for å ta i mot han som vanleg. Det viser seg at ho døydde i løpet av natta , og etter kort tid dukkar to fjerne og ufyselege slektningar opp for å få arva si. I kaoset som oppstår vert den vesle hunden Bølle kasta ut frå villaen saman med alt det andre dei ikkje tener pengar på. Dette er ei løysing dei ufyselege slektningane angrar på. Bølle må brått og brutalt må lære at det er ei anna verd utanfor den beskytta verda han har vore i heile si tid, og arvingane oppdagar litt for seint at dei treng hunden for å få arva. Og då er sirkuset i gong. Bølle må lære på den verkelege harde måten korleis han kan overleve som gatehund, og arvingane kjemper mot klokka for å få Bølle attende til signeringa skal gjennomførast og arven kan bli deira. På denne tida rekk Bølle å få både nye vener og fiendar. Om ikkje det er no er samstundes ein profesjon dyrefangar etter han. Det vert mange dramatiske, utruleg morosame, spennande og rørande augneblink undervegs. Dette er ein film som vil finne fram latteren til både små og store, men som og vil minne oss om kva som verkeleg er viktig her i livet.