Vår nye teknikar

1.desember vart Bendik Hurlen Valderhaug tilsett som teknikar ved Ingebrigt Davik-huset.

Bendik Valderhaug er 27 år, opprinneleg frå Lepsøya, og har til tross for sin relativt unge alder skaffa seg brei erfaring som lydteknikar. Mange vil nok kjenne han att når dei ser han bak miksepulten på Ingebrigt Davik-huset, for han har tidlegare jobba for Farstad Lyd AS, og det har blitt fleire oppdrag på huset der han no vil ha fast tilhøyrigheit.

Det var mange spanande kandidatar som søkte på stillinga når den var lyst ut. Fleire hadde god kompetanse, og det er kjekt å sjå at så mange ser på Ingebrigt Davik-huset som ein attraktiv arbeidsplass. Valet fall til slutt på denne sindige Lepsøyingen som ikkje lar seg vippe av pinnen om det skulle gå ei kule varmt frå ein hissig artist. Då vrir han på dei rette brytarane, og harmonien er komplett. Bendik har «gått ein god skule» i Farstad Lyd, for der får dei tinga gjort på ein smidig måte, i tillegg til at det hjelp å ha erfaring frå den andre sida også. Bendik er nemleg ein habil gitarist, og spelar i bandet BRiiFMor`di og ConFusion.

Vi ser fram til mange flotte kulturopplevingar på Ingebrigt Davik-huset i åra som kjem. Valderhaug erstattar Dan Roger Lid, som gir seg no når overlappinga med Bendik er unnagjort. Vi takker Dan Roger Lid for ein framifrå innsats den tida han var her, og tenkjer nok at vi ser han igjen her på huset i ny og nè.

Publisert
02. desember 2020
Skrevet av
ID-huset