Knut Marius er klar for konsert

No er det endeleg tid for konsert på Ingebrigt Davik-huset!

Vi er veldig glade for å ønske Knut Marius Djupvik med band velkommen til å opne konsertåret 2021, og tilbakemeldingane etter turnèstarten i Molde har vore formidabel!

Sjølv om vi er glade for å kunne tilby kultur og hyggelege stunder no i ei litt vanskeleg tid, så merkar vi jo godt at vi held litt tilbake. Nettopp fordi det er ei annleis tid.

 

Litt praktisk info:

  • Vi oppmodar publikum til å ha billetten klar, før du kjem til billettkontrollen.
  • Husk å halde avstand til dei som ikkje er i din kohort.
  • Vi opnar dørene seinast 30 min før konsertstart, og vi ber publikum om å finne plassen med ein gong, slik at vi unngår unødig trengsel i trappene.
  • Vi har inngang i 1.etg, og to inngangar i 2.etg. Billettar på rad A-G kan gjerne benytte inngang i 1.etg, og dei som har billett H-M kan gjerne bruke inngang i 2.etg.
  • Sprit hendene når du kjem inn (vi har rikeleg med spritstasjonar)
  • Det er ikkje krav om å bruke munnbind på Ingebrigt Davik-huset, men det kan være greitt å bruke når ein går inn og ut. Under konserten er det ikkje nødvendig med munnbind.
  • Det er for tida ikkje tillat med alkoholservering, så baren er stengt.
  • Når konserten er over, så ber vi publikum om å ta det med ro, og anbefaler at vi tømmer lokalet etter rekke. A går ut først, deretter B, så C…

 

Til sist: Dersom du føler deg sjuk, eller har symptom så skal du ikkje gå på konsert. Dersom du har vore i nærkontakt med folk som nyleg har fått påvist covid-19, så skal du ikkje gå på konsert. Her stolar vi på at den enkelte gjer ei god vurdering.

Ingebrigt Davik-huset følger alle krav vi får av myndigheitene, og vi vil gjere vårt ytterste for at du skal få ei så triveleg konsertoppleving som råd.

Publisert
26. januar 2021
Skrevet av
Kjetil Heggdal (Daglig Leiar)