ÅreKnuteKoret FisstelSprekken

Om arrangementet

ÅreKnuteKoret FisstelSprekken er eit reint a capella kor med fire ihuga medlemmer, som til vanleg har si tilhøyrigheit i tidlegare Sandøy kommune i Møre og Romsdal. Medlemmar: Kurt Erik Peter, Ronny Harnes, Magne Runar Harnes og Øystein Haugen

Koret vart skipa ein gong tidleg på våren i 1994 (faktisk på ”Gunna- buda” på Longva!), og har sidan den gong hatt hundrevis av oppdrag , og tilhøyrarane har variert alt ifrå den vanlege mannen på gata til barnehageborn, via feststemde brudefolk og ikkje mindre feststemde firmafestar og julebord, til meir eller mindre sovande åttiåringar.

Koret har hatt same besetning sidan oppstarten i 1994, og har etter kvart blitt ein godt samansveisa gjeng, både musikalsk og sosialt! Dei fire medlemmane i ÅKKFiSS (forkorting) har sin opprinnelse i miljøet rundt Harøy Musikklag, og korpset sin innflytelse når det gjeld dei enkelte songarar sin musikalske forståing, skal slettes ikkje kastast under hvilken som helst stol...Vi må og få tilegna dei særskilde medlemmane og leiarane i Harøy Musikklag ei ikkje berre så reint lita takksemd for den inspirasjon dei har bidratt med i høvet koret sin musikalske og humoristiske identitet.

Åreknutekoret Fistelsprekken har hatt oppdrag over heile fylket i ulike samanhengarr og er ikkje vond å be, om nokon skulle trenge ein munter song eller tre. I sjøvaste hovedstaden har dei også vore med sitt blide og humoristiske åsyn.

 

Koret vil sette saman ein musikalsk meny der vi mimrar tilbake og tek med oss høgdepunkta heilt tilbake til 1994.