Ålesund Symfoniorkester // Festkonsert

Billettar

Om arrangementet

Dagen før dagen, får vi ei fantastisk moglegheit til å oppleve ein storslått festkonsert med Ålesund Symfoniorkester her i Brattvåg. Her får vi også stifte nærare bekjentskap med ein av landets mest lovande pianistar; Ole Christian Haagenrud.

Under årets nasjonale festkonsert får vi stifte nærarebekjentskap med Ole Christian Haagenrud. Haagenrud (1989) blir rekna som ein av
dei mest lovande unge pianistane i Norge. Han fullførte nyleg det prestisjefylte diplomstudiet ved Norges musikkhøgskole. der han hadde professor
Jens Harald Bratlie og professor Håvard Gimse som sine lærarar. Ole Christian har mottatt ei rekkje prisar og utmerkingar. Han har gjort seg sterkt bemerka i nasjonale og internasjonale konkurransar, og i 2008 vant han Ungdommens Musikk- mesterskap der han fikk utmerkelsen Årets musiker. I 2014 ble han tildelt Robert Levins festspillpris.

Ole Christian har vore solist med profesjonelle symfoniorkestre som Bergen Filharmoniske Orkester, Kringkastingsorkesteret og Lithuanian National Symphony Orchestra. Ole Christian er ein svært ettertrakta kammermusikar og akkompagnatør, og han har samarbeidd med musikarar som Lars Anders Tomter, Henning Kraggerud og Arve Tellefsen. Ole Christian deltar jamnleg på store festivalar i Norge og i utlandet. Han har hatt solo- og kammermusikkopptredener i land som Danmark, England, Kina, Kroatia, Latvia, Litauen, Nederland, Polen, Portugal, Russland, Slovakia, Slovenia, Spania, Sveits, Sverige, Tyskland, Østerrike og i USA. Han har spilt på prestisjetunge scener som Concertgebouw i Amsterdam, Brahms Saal i Musikverein i Wien, JF Kennedy Center i Washington DC, The Great Guild Hall i Riga, Stephaniensaal i Graz, The Lithuanian National Philharmonic Hall i Vilnius, The Slovenian Philharmonic Hall i Bratislava, Casa da Musica i Porto, Grieghallen i Bergen, Hovedscenen på Den Norske Opera og i Oslo Konserthus. 

Dirigent: Stian Svendsen 

Solist: Ole Christian Haagenrud 

Program:  

Edvard Grieg: Klaverkonsert i
a–moll, op. 16  

Verker av Johan Svendsen og Johan
Halvorsen.