Norsk sangbok // Teatret Vårt

Om arrangementet

Eit humoristisk blikk på kulturkampen

Velkomen til ein minneverdig kveld på teateret med både nostalgi og moderne tolkingar av høgdepunkta i Norsk songbok.

Det ligg an til ein strålande konsert med songglede, musikk, humor og ein god dose galskap når det norske fellesskapet vert sett på prøve. Ei kreativ og entusiastisk songgruppe har laga eit kor, med visjon om samsong og samarbeid. Det ser ut til å vera eit harmonisk fellesskap. Idéen er god, dette kan vel umogleg gå gale? Korleis handterer dei situasjonen når nokre av medlemmane i koret byrjar å avvike frå planen? Norsk songbok har gjennomgått stadige fornyingar. Med eit mangfald av songar som speglar det norske fellesskapet, presenterer mvi eit variert utval frå tradisjonelle viser til moderne poplåtar. Her kan du synge med eller berre nynne til nye versjonar av kjende slagarar. Blant høgdepunkta kan me nemne; Se ilden lyse, No livnar det i lundar, Det handler om å leve, Har en drøm om å komme hjem, Dei gamle fjell i syningom, Eg veit meg eit land, Mor eg vil tilbake og For vår jord. Forskarar har bevist at vi får ein hormonell lykkedusj når vi syng, likevel syng vi no stadig sjeldnare i skulen, på sjukeheimar og under sosiale arrangement. Betyr det at sjølve fellesskapen syng på siste verset?

Med innkomsten av vår blir lufta fylt av kvitrande fuglar og vi kjenner på trongen til å synge høgt og fritt. Koret i Norsk songbok håpar at akkurat denne konserten kan vekke oss til liv – «No livnar det i lundar, no lauvast det i li, den heile skapning stundar no fram til sumars tid».

 

Medverkande: Sara Fellman, Kjersti Sandal, Ole Andreas Silseth, Bjørnar Lisether Teigen Av Tormod Carlsen Regi.

Musikalske arrangement, scenografi og lysdesign: Tormod Carlsen

Scenografi og kostymedesign: Heidi Dalene Dirigent

Innstudering musikk: Sara Fellman

Foto: TINGH