UTLEIGE
- 1. ROM TIL UTLEIGE
- 2. GENERELLE VILKÅR FOR LÅN AV INGEBRIGT DAVIK-HUSET
- 3. AVVIKLING AV ARRANGEMENT
- 4. UTLEIGE AV TEKNISK UTSTYR
- 5. BEVERTNING
1. Rom til utleige
Ingebrigt Davik-huset kan ein bruke til dei fleste typar arrangement: Frå åremålslag til bryllaup, konferansar, messer og konsertar. Vi har 4 salar til utleige.
Storsalen

Storsalen er Ingebrigt Davik-husets største sal. Det uttrekkbare amfiet her har plass til 310 personar. Ved flat sal med småbord får ein plass til 150-200 stk. Med berre ståplassar kan salen ta opp til 600 personar. Salen er utstyrt med eit godt lyd- og lysanlegg, og har også ei mobil scene der størrelsen kan tilpassast etter behov. Salen egnar seg for så vel konsertar, førelesningar og seminar som fest og moro.
Kinosalen
 Forutan filmvisningar egnar kinosalen seg fint til mindre møter og seminar. Det er plass til 101 personar i amfiet. I tillegg til prosjektor kan ein her nytte eit enkelt lydanlegg for tale.
Lobby 2
 Dette er huset sitt konferanserom. Rommer lyst og åpent, og egnar seg godt for seminar og møter. Ved klasseromsoppsett får ein her plass til 60 personar. Rommet er utstyrt med prosjektor, lerret og eit enkelt lydanlegg. I tillegg står her eit piano som kan brukast. Side om side med konferanserommet ligg fullt utstyrt kjøkken.
Ungdomsarenaen

Her har ein tilgang på eitt større og fleire mindre rom, samt eit lite kjøkken. Rommet kan utstyrast med prosjektor, lerret og eit enkelt lydanlegg. OBS! Ungdomsarenaen blir berre leigd ut til rusfrie lag.
For booking ta kontakt med daglig leiar Hans Pareliussen på telefon 99 50 62 70 eller e-post hans@idhuset.no. Sjå under for vilkåra som gjeld ved leige av lokale og utstyr.
Om du skal leige Storsalen og vil vite kva slags teknisk utstyr du treng til arrangementet ditt, kan du høyre med teknisk ansvarleg Amund Sæter på telefon 99 16 00 92 eller e-post amund@idhuset.no Om du er usikker på kva slags lokale som egner seg best for deg, ta gjerne kontakt for ei omvisning!
Prisar Styret ved Ingebrigt Davik-huset ønskjer differensierte prisar ved utleige, og skiljer difor mellom lokale aktørar og andre, og mellom bedrifter og private. Prisene gjeld frå 11.2.2011 og dekker berre husleie.
|
Rom
|
Pris
|
|
Storsal
|
Lokale aktørar: 6000,- + 10,- pr solgte billett. Nasjonale/profesjonelle aktørar: 9000,- + 10 % av billettinntekt. 2500,- for lukka lag av privat karakter.
|
|
Kino
|
Bedrift: 2000,- Privat: 1800,-
|
|
Lobby 2 m/kjøkken
|
Bedrift: 2000,- Privat: 1800,-
|
|
Ungdomsarena
|
Bedrift: 2000,- Privat: 1800,-
|
Huset har omtrent 300 lause stolar og 60 bord.
2. GENERELLE VILKÅR FOR LÅN AV INGEBRIGT DAVIK-HUSET
Lån og utlevering av nøklar
- Skal skje gjennom kulturhuset sin administrasjon. Vedkomande som kvitterer ut nøklar, er ansvarleg for å gjere seg kjend med dette reglementet og rømmingsvegar. Vedkomande har også ansvar for å rydde etter seg, setje utstyr på plass, slå av alt lys, låse og lukke dører og vindauge.
- Det skal betalast eit depositum på kr 500,- for å få utlevert nøkkel. Dette blir betalt tilbake når nøklar blir innlevert - noko som skal skje seinast dagen etter at arrangementet er avtalt ferdig, eller etter avtale. Ved tap av nøkkel, har lånar erstatningsplikt på kr 5.000,-
Lokale og inventar
- Lokale og inventar skal behandlast forsiktig, og skal bli etterlatast i den stand de fann det.
- Lokalet skal bli rydda, søppel kasta i avfallsbehaldarar (i varemottaket) og golvet kosta.
- Stolar, bord og anna utstyr skal tørkast/vaskast og setjast tilbake til standard oppsett (eller slik de fann dei, med mindre noko anna vert avtala).
- Ikkje sett møblement framfor/inntil kunsten på huset eller framfor nødutgangane.
- Ikkje flytt på plantane.
- Ved bruk av kjøken, kokeplater, kaffitraktar og anna kjøkenutstyr, skal dette bli vaska og oppvask satt i oppvaskmaskina.
NB! Dersom dette ikkje blir utført, vil de bli fakturert for arbeidet etter medgått tid. Normalt reinhald før og etter arrangement er inkludert i lånet.
Ev. skader og manglar
- Alle som får låne huset pliktar å undersøkje om det er skader eller manglar på utstyr, inventar, bygg m.m. både ved ankomst, under opphaldet og før de forlet lokala.
- Eventuelle skader eller manglar skal umiddelbart meddeles kulturhuset sin representant.
NB! Lånar er rettsleg erstatningsansvarleg for skader som oppstår under lånetida. Dette gjeld også eventuelle personskader.
Forsikring
- Då utstyr og verdiar som lånarar tek inn i bygget i lånetida ikkje er forsikra gjennom Ingebrigt Davik-huset sin forsikringsavtale, må lånarar sjølv syte for at de har gyldig forsikringsavtale.
- Enkeltpersonar eller lånarar som ikkje overheld ordensreglane for bygget, kan bli nekta lån av bygget for eit avgrensa tidsrom. Ingebrigt Davik-huset vurderer dette i kvart einskild høve.
- Lokale som er tildelt skal berre bli nytta i det tidsrom og til det føremål som er innvilga. Ein må sjølvsagt også booke lokala for naudsynt oppriggstid i forkant og rydding i etterkant. Kontrakta kan seiast opp ved brot på reglement eller under særlege vilkår.
3. AVVIKLING AV ARRANGEMENT
Bemanning Ved lån kan ein frå kulturhuset sin administrasjon vere tilgjengeleg på huset ved ankomst og éin time framover om ønskeleg. Dette må avtalast på førehand.
Vakthald og billettkontrollør
- Vakthald er lånar sitt ansvar. Antalet vakter skal vere avklart på førehand.
- Lånar må sjølv ordne med billettør og dekke dette. Kulturhuset kan hjelpe til med å formidle kontakt.
- Nødvendig ekstrapersonell kan skaffast etter lånar si rekning.
Scenemannskap og berehjelp
- Kulturhuset kan hjelpe til med å skaffe berehjelp dersom det er behov for det. Det må avtalast i god tid i forkant.
- Lånar vil ha arbeidsgivaransvaret for dette personellet dersom ikkje anna er avtalt.
Billettsal
- Alt billettsal skal primært gå gjennom kulturhuset sitt billetteringssystem, og skal skje av personell godkjent av kulturhuset.
- Huset reknar seg ei avgift pr kjøpte billett.
- Ved ev. kansellering, må lånar betale avgifta pluss kr 5,- i administrasjonsutgifter pr. solgte billett.
Lyd
- Utover å gjere klart for tale gjennom enkelt lydutstyr, er ikkje lydteknikar inkludert i lånet.
- Lydteknikar skal bli leigd av huset eller må bli godkjent av huset.
Lys
- Utover generell belysning, er ikkje lysteknikar inkluderti lånet.
- Lysteknikar skal bli leigd av huset eller må bli godkjent av huset.
TONO Avgift til TONO blir dekt i heilskap av lånar, dvs. arrangøren av kvart einskild arrangement.
Rettar Arrangement som krev løyve frå rettigheitshavar, må ikkje bli framført utan at desse løyva er innhenta. Kulturhuset sitt ansvar i høve rettar, gjeld berre ved eigne arrangement.
Opptak eller kringkasting av kommersiell media i / frå huset, må på førehand godkjennast av kulturhuset sin administrasjon.
Spesialeffektar
- All bruk av røykmaskin, pyro-effektar, eksplosive stoff m.m., må bli avtalt spesielt med huset før arrangement. Slikt utstyr skal bli traktert av kvalifisert personell.
- Lånar vil bli fakturert for ev skader og ekstra utgifter som blir påført bygningen og personell ved bruk av spesialutstyr. Open varme er strengt forbode.
Annonsering/marknadsføring
- Aktivitetar i kulturhuset blir jamleg annonsert. Lånar sine arrangement kan bli tatt med i denne annonseringa, mot betaling.
- All informasjon på kulturhuset si heimeside er gratis. Alle arrangement som brukar huset sitt billetteringssystem, blir automatisert marknadsført i systemet på heimesida vår.
- Etter særskilt avtale kan lånar få bruke huset sin annonse- og plakatmal for evt. opptrykk av eigne plakatar.
Tilleggsavtalar
- Kulturhuset vil alltid yte maksimalt for at eit kvart arrangement og lånar skal få best muleg service og hjelp.
- Tilleggsavtalar kan bli gjort etter at kontrakt er underskriven, men det blir ikkje oppfatta som kontraktsbrot dersom desse ikkje kan oppfyllast.
Artistgarderobe Lånar får fritt nytte anvist garderobe. Etter bruk skal desse ryddast.
Disposisjon av fribillettar
- Kulturhuset skal kunne disponere opptil 16 fribillettar til kvart arrangement der vi låner ut huset. Desse går til husets eigne sponsorar.
Reklame- og salsplass All reklame og oppslag i publikumsområda skal bli godkjent av huset.
Amfi Mat og drikke skal ikkje nytast i amfiet i storsal. Evt. flytting av amfi må berre skje av representant for kulturhuset.
Flygel/piano Huset sitt flygel står i Storsalen. Det kan berre nyttast etter særskild avtale. Pianoet står fast i 2. etasje og skal ikkje flyttast utan særskild avtale.
Skjenking Ved evt. skjenking i huset må lånar sjølv skaffe tillatelse osv.
Kansellering må skje skriftleg
- Ved langtidslån (6 mnd eller meir) skal skriftleg kansellering vere huset i hende 8 veker før arrangementet. Ved kansellering etter dette tidspunktet og fram til 2 veker før arrangement, må lånar betale 50 % av avtalt lånebeløp. Kanselleringar seinare enn to veker før framsyning, blir ikkje godtatt. I slike tilfelle blir lånar fakturert for avtalt beløp i tillegg til dokumenterte utgifter og tapt innteningsgrunnlag.
- Ved korttidslån er kanselleringsfristen 4 veker (ikkje 8) før dato for arrangementet.
- Felles: ved billettrefundering må lånar dekkje billettavgifta på kr 5,- pluss kr 5,- i administrasjonsutgifter pr solgte billett. (Dette gjeld berre arrangement der kulturhuset står for billettsal.)
4. UTLEIGE AV TEKNISK UTSTYR
Ingebrigt Davik-huset leiger i nokon grad ut utstyr til eksterne arrangement i kommunen. Her gjeld følgjande reglar:
- All utleige av utstyr skal gå via teknisk ansvarleg Amund Sæther. Teknisk ansvarlig møter lånetakar personlig for utlevering og innlevering (samt sjekk) av utstyr.
- Avtale om utleige og kontrakt må skrivast minimum ei veke i førevegen.
- Depositum skal betalast ved utlevering av utstyr. Beløpet avheng av kva som leiges ut.
- Ved skade/tjuveri er leigar erstatningspliktig.
- Våre scenemodular leiast ut til 50,- stk. Lause stolar og bord kan leiast til henholdsvis 20,- og 30,- stk.
Vi reserverar oss mot å leige ut utstyr som lett får slitasjeskadar.
5. BEVERTNING
Kulturkafeen serverar rettar til alle typer arrangement på Ingebrigt Davik-huset. Ta kontakt med dei på telefon 70 20 93 00 for bestilling.
Møtemat og lunsjrettar for heile grupper
Tlf 70 20 93 00
|
Rundstykker/Rundstykker assorterte
|
22,-/25,-
|
|
Smørbrød
|
48,-
|
|
Snittar/ canapear
|
30,-
|
|
Baguettar med ost og skinke
|
45,-
|
|
Baguetter med reker, røykalaks el likn
|
48,-
|
|
Varm bauette m/skinke el taco
|
67,-
|
|
Chiabatta m/kylling og karrymajones
|
55,-
|
|
Rettar min 10 pers
|
|
|
Pastasalat m/brød
|
78,-
|
|
Pai/m skinke og ost
|
93,-
|
|
Bondeomelet
|
93,-
|
|
Pizzabuffet m/salat
|
85,-
|
|
Lasagne m/salat og brød
|
94,-
|
|
Biffgryte m/ris, salat og brød
|
110,-
|
|
Gryterett m/ris, salat og brød
|
90,-
|
|
"Kulturtallerken" m/brød
|
110,-
|
|
Fiskesuppe m/brød
|
80,-
|
|
Pizzasnurrar
|
25,-
|
|
Brennsnut m/brød
|
75,-
|
|
Kjøtkaker m/tilbehør
|
98,-
|
|
Svinesteik
|
130,-
|
|
Lammesteik
|
150,-
|
|
Oksesteik
|
150,-
|
|
Reinsdyrsteik
|
160,-
|
|
Sjokoladekake stor
|
250,-
|
|
Kvæfjordkake stor
|
700,-
|
|
Kvæfjordkake halv
|
350,-
|
|
Moccakake/ostekake el liknande
|
350,-
|
|
Bløtkake stor
|
800,-
|
|
Bløtkake rund
|
400,-
|
|
Sveler
|
22,-
|
|
Vergeordning Kaizers
Det blir vergjeordning på konserten med Kaizers Orchestra. Det betyr at om du er mellom 16 og 18 år kan du komme inn i følgje med ein (edru) vaksen over 20 år.
Les meir...
Vårprogram
Kaizers Orchestra, Are Kalvø, Annbjørg Lien Band, Absolutt Opera ...
Les meir...
Billettsalg
Billettsalg til framsyningar på ID-huset skjer først og fremst på nett. I tillegg kan ein kjøpe billettar i kioskens åpningstid. Kiosken er åpen ein time før kvar kinoframsyning.
Les meir...
Kinoreklame?
Di bedrift på din lokale kino!
Les meir...
Komande filmer
Komande filmar på Haram kino:
Pus med støvler 3D 03.02.2012-05.02.2012
Mission: Impossible 03.02.2012-05.02.2012
Chronicle 09.02.2012-12.02.2012
Jernkvinnen 09.02.2012-12.02.2012
War Horse 16.02.2012-19.02.2012
Safe House 24.02.2012-26.02.2012
FØLG MED PÅ KINOPROGRAMMET HER:
Program Haram kino
Les meir...
Filminteressert?
Er du interessert i film? Har du lyst å stå i kinokiosken? Haram kino er på utikk etter flere som har lyst å være med og gjøre kinotilbudet i Haram enda bedre! Du må være over 17 år og ansvarsbevisst. Ta kontakt på facebook eller post@idhuset.no hvis dette er noe for deg!
Haram kino er no heildigital og har fullt 3D-system.
Les meir...
Gåvekort
Kjære publikum!
Vi tilbyr gåvekort som kan brukast som betalingsmiddel til alle framsyningane våre.
Les meir...
Sjå ID-huset
Sjå animert presentasjon av ID-huset!
Les meir...
|