Om Ingebrigt Davik

Ingebrigt Davik

Ingebrigt Davik debuterte i NRK radio i 1959 med historiene frå "Taremareby". Han laga også barnetime om alt det underlege som kan hende i Lissomskogen og om måkefamilien i Kekkek og Kjia på Kjaholmen. Ingebrigt Davik frå Fjørtoft skapte sine eigne eventyrfigurar i Barnetimen for de minste. Å oppmuntre fantasien til barn var viktig for han.

Ingebrigt Davik var ein av dei siste som har vore med på å prege barndommen til ein heil generasjon av nordmenn, med sitt fantasifulle og unike univers. Dette spesielt gjennom barnetimen på radio, men også gjennom sine bøker og tv-program.

  

Fram og tilbake. Fram og tilbake:

Kom og bli med oss til Fiskeland!

Vi hoppar i båten og dreg i frå land.

Vi set oss på tofta og ror og ror,

Og snart er vi der kor fisken bor.