torsdag 20.06.2013 Dato Tid Alder Pris Kjøp
#UHØRT#SUMMER #ROCKATION# 20.06 20.30 Fri 195 / 125 Billett
Vokalgruppa UHØRT blei etablert oktober 2011. Den er samansett av 16 ungdomar i alderen 13 til ca. 20 år, frå heile Haram kommune. Gruppa satsar igjen, nå med sin tredje konsert. Denne gangen blir det fullt trøkk og vi får sjå ein tøffare utgåve av gruppa. Temaet er: Rockation. UHØRT seier det skal bli ei feiring av musikk, sommar og ferie.

I Ingebrigt Davik-huset sin storsal har gruppa sine 16 unge sangara med seg eit habilt backingband samansett av Bjørn Skjelten (trommer), Kjetil Hjelle (bass), Ketil Strand (gitar) og Ivar Holsvik (piano).

Konserten kjem til å bli ein musikalsk og koreografisk oppleving i kjent UHØRT stil! Sist konsert blei utselt, sørg for å kjøpe deg billettar i god tid.
Les meir...
 
torsdag 12.09.2013 Dato Tid Alder Pris Kjøp
Øystein Sunde & Meget i sløyd 12.09 20.00-21.30 Fri 430 / 315 Billett
Øystein Sunde og 40-årsjubileet som ingen ende ville ta:

Øystein Sunde skal ut på tur igjen med ein fornya og oppdatert versjon av suksessen "Men DA må du ha" – ein tittel heilt i tråd med Øysteins skarpe skråblikk på dagliglivet.

Etter snaut 200 framsyningar på Dizzie Showteater og turné, etterfulgt av Gitarkameratene på Dizzie i 2012, har han laga nokre nye songar og oppdatert anna materiale (som om det skulle være nødvendig!). Men sånn er det berre, Sundes penn kviler aldri!

I år er det altså 43 år siden Øystein Sunde toppa listene med slageren Jaktprat, frå hans første plate 1001 Fnatt (1970) Sunde tilhører Europa-eliten når det gjeld gitarspill og har sidan den gong halde seg på topp takka vere ei utruleg evne til alltid å presentere nye, morosame og tidsaktuelle viser. Han har til og med fått utvikle sin eigen signaturgitar hos The Martin Guitar Co.

Øystein Sunde har alltid med seg utsøkte musikarar, og bandet hans, Meget i Sløyd, er noko av det aller beste som er å oppdrive av bluegrass-musikarar på denne sida av Atlanterhavet!


Les meir...
 
torsdag 19.09.2013 Dato Tid Alder Pris Kjøp
Anne Kat: Jakten på Ærligheten 19.09 19.00 Fri 420 / 315 Billett
Alt er ikkje så perfekt som du vil ha det til!

Fire år etter premiera på suksessframsyninga «Gift, men ingen fanatiker», er Anne Kat Hærland tilbake med eit heilt nytt soloshow; ein kombinasjon av humorutbrot, raseriutbrot, foredrag, kjendishat, djupt alvor og enda ærlegare. Gløym bonderomantikk, dette er «Jakten på Ærligheten».

Denne gongen vil komikaren minne publikum på at verkelegheita ikkje er som dei glansbilda folk framstiller den som.
«En kan nesten begynne å lure på om alle andre er mer lykkelig. Jeg for min del blir usikker og faktisk lei meg av alle denne «lykken», uttalte ho til Sunnmørsposten i vår.

For gruppe-rabattar, ta kontakt på post@idhuset.no
Les meir...
 
sundag 22.09.2013 Dato Tid Alder Pris Kjøp
BrazzBros og Ålesund symfoniorkester 22.09 18.30-20.30 Fri 340 / 170 / 255 Billett
Musikkglede og improvisasjonskunst! Tre Førde-brødre og to tafjord-brødre. Alle frå Langevåg. I tillegg bak trommene: Kenneth Ekornes frå Sykkylven. Der har du fenomenet The Brazz Brothers. I dei senare årahar The Brazz Brothers spelt saman med alt frå afrikanske stamme-høvdingar til trompetlegenda Lester Bowie og danske Povl Dissing. Ålesund Symfoniorkester har hatt gleda av å samarbeide med The Brazz Brothers tidligare og ser med stor glede frem til å gjere det igjen.!
Les meir...
 
laurdag 12.10.2013 Dato Tid Alder Pris Kjøp
Christine Koht: Er det mogleg å få litt fred?! 12.10 20.00 Fri 400 / 300 Billett
Når som helst kan det bli bråk! På jobben. I forholdet. Med familien. Korleis får vi det til? Kor vanskeleg kan det vere? Er det ikkje mogeleg å få litt fred? Christine Koht fyrer laus i sitt nye show.

Christine Koht er for mange mest kjent frå tv-skjermen, med sine tv-program om ulike sider ved den norske folkesjela, frå Den norske mannen, Jan Johansen, det norske familielivet (Koht i familien) eller arbeidslivet (Koht på jobben). Mange vil også ha lest kåseria i A-magasinet, der ho filosoferer over kvardagslivet.

Med sitt nye sceneshow, Koht fyrer løs – Er det mulig å få litt fred, tek ho erfaringane vidare i ei satirisk og kjærleg skildring av den typiske nordmannen sitt forsøk på å bli lykkeleg. Korleis skal ein oppnå balanse og harmoni med så mykje kaos i kvardagen!
Les meir...
 
laurdag 09.11.2013 Dato Tid Alder Pris Kjøp
Panikk i kulissene 09.11 19.30 Fri 250 / 130 Billett
Det skulle ha vore ein simpel einaktar om eit fat med sardinar som vart borte. Men personlege intriger bak kulissane får dei sosiale banda i skodespelargruppa til å knirke høglydt både på og bak scena!

Inn og ut av dørene i stua i eit engelsk hus på landet spring dei medverkande, i eit meir og meir desperat forsøk på å få dette stykket til å henge saman. Men på generalprøva går allting galt og sjalusi, primadonnanykker, private forelskingar og alkohol finn vegen frå kulissane heilt opp på scena.

I ein av dei mest vellykka komediane i nyare tid får vi lov å følgje dei turbulente forviklingane både på og bak scena. Den tradisjonelle farsen om hushalderska Mrs. Clackett si ufrivillege innblanding i ei intrige med ein forfattar i skjul for skattemyndigheitene, to forelska skatteoppkrevjarar, ein sjeik og eit fat med sardinar, blir ganske raskt til noko heilt anna når misforståingar og velmente redningsforsøk tek større og større plass på scena.
Les meir...
 
torsdag 12.12.2013 Dato Tid Alder Pris Kjøp
Christmas with the Nordic Tenors & The Neumann Strings 12.12 18.00 Fri 360 / 270 Billett
Det blir ikkje ordentleg jul før Nordic Tenors strør sitt musikalske stjernestøv over frosne vinterhjarte. Med sine klokkeklare stemmer, gir dei eit juleshow spekka med julestemning og varm humor. Dei har tatt med seg gitaristen Tobias Neumann fra Sverige og det eminente strykeensemble The Neumann Strings.

Du vil oppleve alt frå kjente og kjære julesongar i ny drakt, via amerikanske slagarar, til overraskande musikalske julegåver. La tenorane gje deg den rette julestemninga, og sørgje for at du går jula syngande i møte.
Les meir...